Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
or search all of Southern Norway

Southern Norway Agder ÅSERAL

Skoræ - tur/retur 10,4 km

  •  /  km From You
Overview

Skoræ ligg på 1041 moh. og er rekna som Noregs sørlegaste topp over 1000 meter.

Skoræ ligg i fjellet vest for Ljosland og er Åseral sin høgaste fjelltopp.

Ein startar ved Ljosland skisenter (700 m.o.h.), Her kan ein også parkera bilen. Starten på løypa er stort sett på grusveg, etterkvart blir det sti der det enkelte plassar er lagt bruer og planker som ein kan gå på ved stor vassføring. Følg skilta løype frå Farevatn opp Farstøldalen til du kjem til stikrysset i Skorstean. Herfrå er det to kilometer opp til toppen av Skoræ. Stien er merka/varda frå Skorstean og eit stykke oppover mot toppen. Middels krevjande løype med flott utsikt. Turen er 5,2 km ein veg.

På turen kjem du inn i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiene landskapsvernområde. Det er viktig å ta omsyn til dyreliv og natur. Hald bandtvangen, unngå å legge att søppel, og følg merka sti i størst mogleg grad.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
  • mandag
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages