Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search

Southern Norway Agder ÅSERAL

Frisbeegolf i Åseral

  •  /  km From You
Overview

Frisbeegolf - ein morosam aktivitet for alle!

På Bortelid kan du prøve deg på frisbeegolf. I området aust for skisenteret finn du ein flott bane med 18 korger. Frisbeegolf er ein aktivitet som passar for alle og som krev svært lite utstyr. Alt som må til, er ein frisbee – så er du klar for ein morosam aktivitet! Har du ikkje frisbee frå før, kan dette kjøpast på butikken på Bortelid. Dersom du tek alle 18 korgene, har du fått deg ein flott tur på om lag 3,5 km. Dei fyrste ni korgene ligg i lett kupert terreng aust for skisenteret, og er ein fin runde for nybyrjarar. Held du fram med å spele på korg 9–18, blir terrenget meir kupert, og dette gjer spelet meir krevjande. Stikk innom servicekontoret på Bortelid eller ring 38 13 34 00 dersom du har lyst til å prøve deg. 


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
  • søndag
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages