Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search

Southern Norway Agder ÅSERAL

Lordehytta - tur/retur 22 km

  •  /  km From You
Overview

Som eit lite slott ligg Lordehytta i det vidstrakte heieterrenget på vestheia i Åseral.

Langt inni fjellheimen ligg Lordehytta, som vart reist av lord Salvesen på byrjinga av 1900-talet. Hytta har blitt eit ynda turistmål, og mange tek den lange vegen inn til Vivatn for å sjå på hytta som ruvar storslått og nærast magisk i det vidstrakte heieterrenget.
Turen er ikkje merka, og er 22 km tur/retur frå Røysland, kor det er det fint å parkere.

Jaktslottet er i privat eie, og derfor ikkje opent for publikum. Det er likevel eit så imponerande skue der det ligg inne på heia at det er vel verd turen.

I samband med Lordehytta sitt 100-årsjubileum i 2012 vart det utarbeidd eit hefte med heile historia om hytta og lorden. Heftet får du kjøpt på Minne kultursenter og på servicekontoret på rådhuset. Kart og kompass bør vere med i sekken. I tillegg kan brosjyra med oppmerka rute vere nyttig å ha med.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
  • søndag
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages