Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search

Southern Norway Aust-Agder VALLE

Setesdalsmuseet på Rysstad

  • Rysstad, Valle
  • +47 37936303
  •  /  km From You
Overview

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal.

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring
gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal. Museet har eit lite suvenirutsal og tilbyr enkel servering.

”So gjekk me kledde i Råbyggjelaget” har vi kalla museet si nyaste utstilling. Råbyggjelaget er det gamle namnet på dei indre og vestre bygdene i Aust-Agder, og hovudtema er draktskikken i dette området. Utstillinga gjev oss glimt frå kvardagslivet, men fokuserer mest på livshøgtider som dåp, konfirmasjon og bryllaup. Tablå med dokker, i kombinasjon med tekster og eit rikhaldig biletmateriale, gjer fortida levande for oss. Sjå også filmen ”Eit anna Setesdal”, som viser at setesdølane ikkje berre var opptekne av det som hadde vore. Aldri før hadde dei markert seg så kraftig i det offentlege liv som i tiåra før og etter år 1900.

”Kraftutbygginga i Setesdal” er via nyare historie. Meir enn noko anna har kraftutbygginga det siste hundreåret vore med på å leggje premissane for utviklinga i dalen. På godt og vondt er dalen avhengig av at naturressursane vert brukte for å gi storsamfunnet elektrisitet. Naturen har fått vonde sår, men folk har fått arbeid og inntekter ein elles ville ha vore forutan. 


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal

Opening hours

Jan 8, 2020 – Apr 3, 2020
Mon Tue Wed Thu Fri 10:00 AM–3:00 PM
Apr 15, 2020 – Jun 19, 2020
Mon Tue Wed Thu Fri 10:00 AM–3:00 PM
Jun 22, 2020 – Aug 15, 2020
Daily: 11:00 AM–5:00 PM
Aug 16, 2020 – Aug 31, 2020
Daily: 10:00 AM–3:00 PM
Sep 1, 2020 – Dec 11, 2020
Mon Tue Wed Thu Fri 10:00 AM–3:00 PM
See All
  • Tuesday
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages